Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

TEtips: Brukarutstyr

brukarutstyr om te tetips

De som allereie sverjar til å nyte te frå lause blad har nok allereie funne dykkar favorittar innan korleis de trekkjer teane. For dykk andre som tenkjer på å starte med å trekkje utanfor posen: Her er nokre tips. Det treng ikkje vera komplisert! Det viktegaste er at teen har rom til å utfalde seg, kor du enn vel å trekkje den. Nokon likar "klypene" eller "kulene" som ein kan få tak i overalt. Vi vil ikkje tilrå desse, nettopp fordi at teen då ikkje får utfalde seg og sleppe fri all den gode smaken slik den burde. Derfor tilrår vi at du skaffar deg ei sil. Det treng ikkje vera noko fancy, ei vanleg kjøkkensil gjer susen. Vi har og ei god og rimeleg sil i nettbutikken vår. Her er eit par eksempel, illustrert med video.

To glas

To vanlege glas eller koppar/mugger er alt ein treng, eit glas for å trekkje teen i og eit for å sile væska oppi.

Glasert keramikk

Dette er noko som ein allereie kan ha i huset. Same prinsipp, ein lar blada utfalde seg og silar oppi ein kopp eller eit glas. Ofte har ei slik tekanne ei grov sil i starten av tuten. Grunnen til at glas er brukt her er at ein kan sjå at det fyller seg opp i videoen.

Gaiwan

Ein gaiwan er ei lita bolle med eit lok ein brukar til å sile ut teen med. Ein kan og drikke direkte frå gaiwanen, og hindre at ein får blad i munnen ved å bruke loket. Vi likar godt gaiwan, den kjem i mange fargar og materialar, og ser fin ut!

Yixingkanne

Xiyingkanna er laga av leire som stammar frå Yixing i Jiangsu-provinsen aust i Kina. Denne spesielle typen kanner er verd fleire bloggpostar i seg sjølv, her vi vil berre seie at leira både tar til seg smak frå teen som vert trekt i den, og gjer frå seg smak til te som vert trekt i den. Litt som når ein lagar mat i ei jarngryte. Desse kjem i mange variantar, og mange av dei er svært så fine.

Teflaske

Denne teflaska kan ein bruke til å trekkje seg ein god kopp te med, uansett kor ein er. Alle dragane har falt totalt for denne og går nesten ikkje ut av huset utan. Ideelt sett kan ein seie at det burde vore litt betre plass til blada, men når ein kan trekkje sin favoritt-te overalt går det likevel greitt. Denne flaska får mykje merksemd overalt, og vi trur at dette kan verte ein storseljar i nettbutikken vår.

Gongfu-tesett

Denne typen tesett vert brukt i dei tradisjonelle te-sermoniane. Dei har ei kanne til trekking, ei mugge til å sile teen i, og små koppar utan handtak til å servere teen i. Kanskje litt for spesielt interesserte, det fins mange fine variantar av denne typen tesett. Vi ynskjer dykk alle god trekking! Mvh Tarjei/Tedragen


Eldre postar Nyare postar