Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

Svart Te

Svart te er ein 100 % oksidert te og har jamnt over ein sterkare enn dei andre variantane.  Oksideringa gjer at blada mistar den opprinnelege grøne fargen og vert svarte.  Svart te mister heller ikkje smak like fort under lagring som grøn te. Dette har gjort svart te til den perfekte eksportartikkelen og står i dag for 90 % av all te som vert seld i vesten. I Kina vert den kalla raud te noko som gjenspeglar fargen på den trekte teen. Våre svarte tear kjem frå Sanxia distriktet i Taiwan.