Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

Å trekkje te

Tilverking av drykk frå tebladea har vore og er framleis gjort ved ulike metodar. I Kina i tidlige tider var teen brukt som krydder i mat eller malt opp og kokt som suppe. Seinare gjekk tradisjonen vidare til at ein byrja å trekkje teen slik ein gjer i dag. Japanarane fekk tedradisjonen sin frå tidlege tider i Kina då budhist monkar tok med seg ritualer og tetradisjoner frå kina. Framleis er det vanleg med oppmalt te, eller Matcha, som dei kallar det, samt at tesermoniane i Japan er av dei mest avanserte i verda. 

 Tetrekking har vert og er framleis brukt til både religiøse og sermonielle ritualer samt at det er mange triks og knep som kan læras av dei gamle temestarane for å få fram den beste smaken frå teblada.  Vi i tedragen vil gje deg ein kort innføring i tetrekkingsmetodar som vi finn høveleg og som vi håpar vil fremje både smak, aroma og oppleving av teen vår.

Det er i hovudsak to ulike stilartar innan tilverking av te; austleg og vestleg. Den vestlege stilarten kan kort oppsummerast med mykje vann, lite te, lang trekkjetid og blada vert berre trekt ein gong. Den austlege stilarten er kan skildrast som mykje te med kort trekke tid i små kannar som serveras i små koppar og blada kan nyttas mange gonger. Den austlige stilen er kalla "Gong Fu" som skal bety "å gjere noko skikkelig".

Tedragen sel utstyr til "gong fu" trekking her, men om du ikkje vil investere i slikt utstyr endå kjem ein langt med to koppar og ein sil som vist på denne videoen. Trekkemetodar skiller seg på temengd, vassmengd, vasstemperatur og trekketid. I tillegg er det ulike kanner som er tilrådd for ulike tear samt at nokre tear krever skylling. Alle våre tear har tilråding for mengder temperatur og trekketid som ein kan finne på dei ulike produktsidene. I tillegg finn du ei skildring av typisk trekkemetode på dei ulike produkt kategori sidene. 

Tear som ikkje er oksidert eller fermentert (kvit, grøn og gul te)

 Desse teane er meir delikat enn dei oksiderte teane. Vasstemperatur er avgjerande for smaken, høgare temperatur gjev ein bitrare te og ein skarpare smak. Det er difor lurt å trekkje desse teane på lågare temperatur og heller auke trekkje tida. Typisk 80 grader Celsius og 90 til 120 sekund trekking. Typisk kan ein trekke slike tear 2 til 3 gonger dersom dei er av høg kvalitet. Nokre tear treng endå lågare temperatur og lengre trekketid, dette gjeld typisk japanske tear.