Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

Pu-erh-te

Pu-erh er ein fermentert og oksidert te som kan lagrast over tid, ikkje ulikt årgangsvin. Teen er ofte komprimert i ymse former frå "boller" på 100g til diskos-lignande kaker på 357g, men fins og som laus te. Namnet pu-erh kjem frå byen Pu'er, syd i Yunnan-provinsen. Denne byen var ein viktig handelsstad og startpunkt for ei gamal handelsrute som gjekk heilt til Bengal, Tibet og sentrale Kina. Teane vart komprimert, pakka på muldyr og frakta langs det som ofte vert omtalt som den sydlege silkevegen. Pu-erh kan delast inn i to hovedgrupper: Sheng (Rå) og Shu (Moden). Sheng pu-erh er lys i fargen og har litt bitterheit. Shu pu-erh er mørk og har ein rund jordleg smak. Pu-erh har vorte seldt som "slankete" i Europa i rundt 100 år.  

Vi er diverre tom for vår kjære modne pu-erh frå 2012 hausta i Lincang, Yunnan, Kina. Men me kan tilrå dei som er interesset i Pu-erh te å besøke vår venn Ville Trær. Vi sel eit utvalg av tear frå Ville Trær i butikken vår på Bryggen i Bergen.