Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

News — om te

Tetips: Iste!

dancong iced tea iste long jing om te oolong tetips wudong milangxiang

Tetips: Iste!

Om sumaren er det godt med kald drikke. Sjølv om varm drikke under nokre høve kan kjøle kroppen meir ned en kald drikke, og ein taiwansk te-bonde har fortalt meg at ein alltid skal drikke varm te, uansett årstid, likar vi dragane å kjøle oss ned om sumaren med kald te. Det fins sjølvsagt ulike variantar å kjøpe i butikken, som Tine sin IsTe, Nestea etc, men desse er stort sett sukkerlake med tilsett te-farge. Vi meiner at den beste isteen lagar ein sjølv, og då av gode teblad. Her kjem eit par metodar vi har prøvd ut, og som funkar:...

Les meir →


TEtips: Brukarutstyr

brukarutstyr om te tetips

De som allereie sverjar til å nyte te frå lause blad har nok allereie funne dykkar favorittar innan korleis de trekkjer teane. For dykk andre som tenkjer på å starte med å trekkje utanfor posen: Her er nokre tips. Det treng ikkje vera komplisert! Det viktegaste er at teen har rom til å utfalde seg, kor du enn vel å trekkje den. Nokon likar "klypene" eller "kulene" som ein kan få tak i overalt. Vi vil ikkje tilrå desse, nettopp fordi at teen då ikkje får utfalde seg og sleppe fri all den gode smaken slik den burde. Derfor tilrår...

Les meir →