Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

Grøn Te

Grøn te er  hausta og lufta, noko som kan gje ein sporadisk oksidering, men teane vert ikkje rekna som oksiderte fordi dei gjennomgår ein preserveringsprosess kalla "kill green". Denne prosessen stoggar effekten av enzym i teen som reagerar med oksygenet i lufta og framkallar oksidering. Teblada vert varma opp til omlag 60-70 grader enten i ein slags wok eller ved bruk av damp. Dei grøne teane er meir delikat enn dei oksiderte teane. Vasstemperatur er avgjerande for smaken, høgare temperatur gjev ein bitrare te og ein skarpare smak. Det er difor lurt å trekkje desse teane på lågare temperatur og heller auke trekkje tida. Typisk 80 grader Celsius og 60 til 120 sekund trekkjing. Typisk kan ein trekkje slike tear 2 til 3 gonger dersom dei er av høg kvalitet. Nokre tear treng endå lågare temperatur og lengre trekkjetid, dette gjeld typisk japanske tear. Våre grøne tear kjem frå Mingjiang og Sanxia, Taiwan.