Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

Kvit te

Kvit te er den minst behandla og derfor mest naturlege av alle teane. Det finst fleire sortar kvit te og den høgste graden vert kalla 'sølvnål'. Den vert laga av dei nye knoppane og dei yngste teblada. Kvit te vert kun tørka i naturleg sollys og bevarer derfor dei høge konsentrasjonene av katekinar som finst i friske teblad. Sjølv om han ikkje er behandla på nokon måte er ein del sporadisk oksidering vanleg. Vår kvite te kjem frå Mingjiang, Taiwan.