Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

Tedragen

Teflaske

200,00 kr

Denne teflaska har på kort tid vorte uunværleg for oss tedragar. Den gjer at ein kan trekkje te frå teblad kor ein vil og når ein vil. Perfekt på jobb, på fly/tog/buss-reiser: Uansett kor ein er kan ein drikke sin favoritt-te. Flaska er laga av polykarbon og toler opp til 120 grader varme. Teflaska har og sin eigen Tumblr.

 

 

Når ein skal bruke teflaska fyller ein teblad i den øvste (minste) delen av flaska og varmt vatn i den nedste (største) delen av flaska. Deretter snur ein flaska på hovudet. dette skal ein gjere sakte og stoppe ved ein vinkel på omlag 45 grader for å la det varme vatnet renne inn til teblada. Teflaska står på hovudet så lenge ein vil trekkje teen. og deretter vender ein flaska tilbake. her sjekkar ein og at alt vatnet renn tilbake i den nedste delen.

Vi tilrår at ein opnar det øvste loket fyrst for å sleppe ut litt trykk. deretter kan ein ta av den øvste delen med dei trekte blada i og helle den trekte teen i ein kopp eller liknande (det går òg an å drikke rett frå flaska). Den øvste delen med dei trekte tebladene kan ein feste enten på toppen eller botnen av flaska. og ein kan gjenta prosessen for fleire trekkingar av dei same blada.

Vi trur de vil ha glede av teflaska, vi går ikkje heimefrå utan!

 

Del dette produktet


Meir frå denne kategorien