Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

Tedragen

Stor raud kappe - Da Hong Pao - Oolong-te

44,00 kr

Stor raud kappe er den mest kjende av "Wuyi Rock"-teen. Denne teen frå Wuyi-fjellet er kjendt for sin høge kvalitet grunna dei grøne fjella den veks på og det klåre naturlege vatnet som strøymer gjennom området. Både trea og prosesseringa er av særs høg kvalitet.

Området har ei lang tehistorie bak seg og allereie på 500-talet hadde teen herfrå høg status i Kina. Av desse teane er altså Stor Raud Kappe rekna som kongen. I følge ei legende vart mor til den kinesiske keisaren kurert for ein sjukdom av teen frå eit særskild tre. Keisaren sende då raude kapper for å passa på desse trea. Denne teen skal kome frå busker som er klona av dei opphavelege trea og den er på lista over dei mest kjende teane i Kina. Den er rista sakte over kol og kjend for sin søte og mineralrike smak og aroma.

5g/2dl, trekketid 15 sek, 95 grader C

Da Hong Pao kjem frå Wuyi Shan i Fujian provinsen. 

Teblad: Ein knopp med to blad, 80 % oksidert.


Del dette produktet


Meir frå denne kategorien