Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

Tedragen

Sen-Cha japansk grøn te

80,00 kr

Det er med stor glede at Tedragen saman med Toku Te kan tilby Sen-cha.

Sen-cha te er ein tradisjonell japansk grøn te med mykje smak av "umami". Hovudskilnaden på tilverkinga av grøn te i Kina og Japan ligg i prosessen "kill green" eller enzym stopp. I Kina vert teen oppvarma ved bruk av store jernsteikepannar, medan ein sen-cha te vert dampa. Denne prosessen tek svært kort tid, berre 15-20 sek, og vert sett i gang under eit døgn etter at teen er plukka. Dette vert gjort for å unngå sporadisk oksidering og for best mogleg å bevara virkestoffa i teen. Te blada vert til slutt rulla stramt i saman for så å bli tørka.

3g/3dl, trekketid 2 min, 70 grader C

Vår Sen-cha kjem i frå Shizuoka

Teblad: Samanrulla teblad. Blada er ikkje oksiderte.

NB! Ang datomerking

Merkekotymen for fersk te i Japan er i korte trekk at dei vert merka som om dei skulle verte kjøpt og opna rett etter innhausting. I dette tilfelle vart det høstet i april/mai og datoane indikert på pakkene er sept/okt, altså om lag 5-6 måneder opna. Uopena er dei varige så lenge at dei ikkje vert merka for det. Den teen vi har på lager no er såleis godt drikkande ut 2017. Ved neste ordre skal vi sørge for at teen får datomerkjing etter vestlege standarder.  


Del dette produktet


Meir frå denne kategorien