Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

Tedragen

Rå (Sheng) Puer, mini toucha, 2010

40,00 kr

Vårhausta rå Pu-erh frå Wuliang fjellet. Denne teen er frå 2010. Basisen for rå pu-erh er grøn te som vert utsett for ein naturleg fermenterings prosess. Blada vert dampa for at dei skal kunne pressast inn i formene dei vert seld i. Det fins mange ulike former og denne teen er pressa inn i noko som vert kalla mini tou-cha. Den inneheld heile blad og har den unike lettrøykte smaken som kjenneteiknar te frå Wuliang fjellet. Teen er av særs høg kvalitet og utan tvil den beste porsjonspakka rå pu-erh vi har smakt. Den kan trekkast mange gonger og har ein søt, fyldig og lang ettersmak. Ettersom den inneheldt teblad som berre er sporadisk oksiderte vil den verte bitter om ein trekkjer for lenge.

5g/2dl, trekketid 30 sek, 96 grader C

Vår Sheng pu-erh kjem frå Wuliang fjellet.

Teblad: Fermenterte teblad.


Del dette produktet


Meir frå denne kategorien