Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0
Matcha – malte grøne teblad frå Japan. **** No med 50% avslag ****

Tedragen

Matcha – malte grøne teblad frå Japan. **** No med 50% avslag ****

360,00 kr

Matcha er den mest vidgjetne av alle dei japanske teane og vert mellom anna nytta i teseremoniar. Det er ein særs gammal te med tradisjonar heilt tilbake til Song-dynastiet for meir enn tusen år sidan.

Vår matcha er ein grøn te frå Kirishima-fjella i sør-Japan. Blada er handplukka og kverna til eit fint pulver i ei tradisjonell steinkvern. 

Teen har ein særs kompleks smak og er både mild og fyldig med ein fin nøttekremaktig søtleik til slutt. Må prøvast!

 

3g/3dl

75C

Denne teen er best å lage i ein matcha-bolle, men ein kan òg nytta ei lita skål. Legg pulveret i botnen av skåla. Ha på litt vatn. Bruk ein matcha-visp og bland pulveret med vatnet til det vert ein jamn pasta. Tilset resten av vatnet, bruk vispen til å piske opp teen så den får eit skumlag på omlag ein centimeter på topp av teen. For best resultat skal vispen ikkje vere i botnen og rørsla skal vere rask og i form av ein dobbel-v.

Teen kan drikkast rett frå bollen eller skåla.

Teen inneheld: Grøn te frå Kirishima-fjella.


Del dette produktet


Meir frå denne kategorien