Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

Tedragen

Liten brent busk - Lapsang Souchong - Premium svart te

50,00 kr

Legenda vil ha det til at Lapsang Souchong ikkje alltid har hatt den karakteristiske røyksmaken. Under Qing dynastiet kom ein hæravdeling forbi ein landsby og slo seg til i ein tefabrikk full av te som skulle prosesserast før den skulle til marknaden. Tida gjekk og då soldatane endeleg forlot fabrikken og arbeiarane fekk koma tilbake var det for lite tid att for den vanlege tørkinga. Bål vart tent og derav den karakteristiske røyksmaken. Teen vart seld og resten er historie.

 

5g/2dl, trekketid 15 sek, 95 grader C

Vår Lapsang Souchong kjem frå Wuyishan i Fujian provinsen.

Teblad: Ein knopp med to blad, 100 % oksidert.


Del dette produktet


Meir frå denne kategorien