Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

Tedragen

Gyldne knoppar - Dian Hong - Keisarleg svart te

54,00 kr

Ein nydeleg svart te frå Yunnan. Denne teen har ein frisk og søt smak. Den kan på ein måte minna om Sølvnål sjølv om han tilhøyrer ein heilt annan kategori. Der Sølvnål har ei umiskjenneleg lett smak har Gyldne Knoppar ei meir kompleks smakssamansetjing. Den har toner av mørke frukter, honning, malt, kamfer og kakao. Teen held seg særs godt i smak sjølv om den er trekt mange gongar og kan gjerne halde opp mot ti gongar sjølv om trekketida må aukast for kvar gong. 

Høver òg godt som iste. For å laga iste kan ein treekje teen ti til femten gongår før ein blandar alle tekokingane slik at ein får med all den gode smaken. Ei anna teknikk er å trekkje eit par gongar i lang tid for å laga eit sterkt te konsentrat for så å blanda ut med kaldt vatn. Dette gjev eit raskare ferdig produkt men litt mindre smak.

5g/2dl, trekketid 15 sek, 98 grader C

Vår Dian Hong kjem få Fenqing i Yunnan.

Teblad: Ein knopp, 100 % oksidert.


Del dette produktet


Meir frå denne kategorien