Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

Tedragen

Frittståande stamme - Wudong Milang Xiang - Keisarleg Oolong-te

56,00 kr

Wudong Mi Lang Xiang - Dan Cong er den ultimate teen dersom du ynskjer ein te med mykje smak av naturleg fersk frukt. Denne teen frå høglandet har og ein sødmefylt aroma. Dan Cong tyder "frittståande stamme" og vert dyrka som eit tre med frittståande stamme i motsetnad til busker. Etter tradisjonen skal ein Dan Cong te innehalde med blad frå ein tebusk. Då vært karakteren for kvar te unik på lik linje med ein skotsk single malt. Teen trivst best på ca 800 til 1400 meter over havet og veks nærmast som ein villbusk.

Dette har vore ein favoritt mellom kundane våre - etter innhaustinga i 2016 har vi fått tak i ein enno høgare kvalitet enn tidlegare. 

5g/2dl, trekketid 30 sek, 98 grader C

Vår Dan Cong kjem frå Gonghou i Wudong fjellet i Guandong provinsen.

Teblad: To til tre blad, 50 % oksidert.

 


Del dette produktet


Meir frå denne kategorien