Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

Tedragen AS

Dunce te - Dian Hong Baota Pagoda - Svart te

140,00 kr

Jens K Styve, forfattaren av suksess-serien Dunce som går i Dagbladet, Lunch og Radio Gaga -heftene, har vore ein del av Tedragen sidan starten. Mellom anna er det han som har laga etikettane våre.

Derfor er det er med stor glede at vi no kan melde om dette samarbeidsprosjektet: Dunce Te!

Dunce te er ein svart te av typen gyldne knoppar frå Feng Qing, Yunnan, Kina. Blada er knytt saman, og vil blomstre når ein trekkjer dei i varmt vatn. Den vert kalla Baota Pagoda etter det kjende tempelet (padoga) i byen Baota, Shaanxi, og tilfeldegvis minner dei og om den karateristiske hatten til Dunce-karakteren.

Blada er knytt saman med ein tynn tråd før dei vert forma, slik at teen "blomstrar" ved trekkjing. Og det er sjølvsagt Jens som står bak den lekre etiketten.

Vi tilrår at du skyljer ein knoll med te kjapt i kokande vatn, før du trekkjer den i tre dl
vatn (95 grader) i vel 30 sekund. Du kan trekkje lenger om du vil ha sterkare smak.
Teblada toler godt fleire trekkjingar.


Del dette produktet


Meir frå denne kategorien