Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

Tedragen

Drageperler - Jasmine Pearl - Keisarleg kvit te

50,00 kr

Jasmin-te vert laga med både grøn, kvit og svart te. Fellesnenemnaren er bruken av blomen frå jasmine-planten som gjev teen sin karakter. Jasmineblomane vert plukka seint på ettermiddagen medan blada er tett samanlukka. Når kvelden kjem opnar blomane seg og vert blanda og lagra med teblada over natta. Denne prossesen vert gjenteke heilt til teen har fått den rette balansen mellom te og blome. For Tedragen vart valget av Jasmine-te enkelt, drageperler frå Fuding i Fujian provinsen. Kvar eineste perle er handrulla av eit einaste blad kvit te og smakstillsatt heile fem gonger. Våre drageperler inneheld ikkje rester av blomar, berre teblad. I Kina vert jasmin-te ofte servert attåt middagen. Perlene opnar seg ved trekking og etter eit par trekkingar kan ein sjå dei fine opne blada.

3g/2dl, trekketid 2 min, 90 grader C

Jasmin-teen kjem frå Fuding i Fujian provinsen.

Teblad: Ein knopp med eit blad. Blada er ikkje oksiderte.


Del dette produktet


Meir frå denne kategorien