Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

Tedragen

Rå (Sheng) Pu-erh Ba Nou Village

80,00 kr

Ein rå puer frå Ba Nuo-området i Mengku, Yunnan. Dette er ein spesiell te. First Flush tyder at dette er dei første, mest delikate teblada som vart hausta i seongen. Til denne teen haustar dei skuddet og dei to fyrste blada. I tillegg kjem desse blada frå eit over 200 år gamalt tre. Te frå gamle tre er spesielt ettertrakta av kjennarar, ettersom gamle tre har lange røter og hentar næring djupat nede i jordsmonnet. Denne teen her har ein frisk fruktig smak som kan minne om bringebær, og har tonar av honning i smaken. Den er ypperleg for lagring, kjøp gjerne inn eit par ekstra posar og prøv! Te bør ein lagre tørt i romtemperatur og helst vekke frå matvarer med sterk lukt og smak. Då vi fekk bildene av denne teen var vi sitjande og sjå på dei fantastiske trekte blada. Verkeleg flott!

3g/2dl, trekketid 45 sek, 96 grader C

Vår Ba Nuo Village Old Tree pu-erh kjem frå Ba-Nuo området i Mengku, Yunnan.

Teblad: Ein knopp med to blad, fermentert.

 


Del dette produktet


Meir frå denne kategorien