Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

Tedragen AS

Dunce te - Dian Hong Baota Pagoda - Svart te

140,00 kr

Dunce te vart lansert i 2018 saman med Jens K Styve, forfattaren av suksess-teikneserien Dunce. Dette prosjektet var ein suksess og teen har vorte ein favoritt hjå mange av våre kundar. Kjøp av teen gjer og opning for rabatt på teikneserie-hefter på www.dunce.no 

Det er med stor glede at vi no kan melde om at vi held fram med dette samarbeidsprosjektet: Dunce Te!

Dunce te er ein svart te av typen gyldne knoppar frå Feng Qing, Yunnan, Kina. Blada er knytt saman, og vil blomstre når ein trekkjer dei i varmt vatn. Den vert kalla Baota Pagoda etter det kjende tempelet (padoga) i byen Baota, Shaanxi, og tilfeldegvis minner dei og om den karateristiske hatten til Dunce-karakteren.

Blada er knytt saman med ein tynn tråd før dei vert forma, slik at teen "blomstrar" ved trekkjing. Og det er sjølvsagt Jens som står bak den lekre etiketten.

2019 teen har eit sjokolade søtleg preg på dei tidlege trekkingane, medan honning sødmen kjem fram etterkvart.

Vi tilrår at du skyljer ein knoll med te kjapt i kokande vatn, før du trekkjer den i tre dl vatn (95 grader) i vel 30 sekund. Du kan trekkje lenger om du vil ha sterkare smak.
Teblada toler godt fleire trekkingar.


Del dette produktet


Meir frå denne kategorien