Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

News

Hjarteleg velkomne til ny nettbutikk!

Hjarteleg velkomne til ny nettbutikk!

Vyrde kundar! 

Vi er no, omsider, oppe med ein ny nettbutikk. Her følgjer ein lita forklaring på kva som har skjedd, ei stor orsaking for at de har måtte vente så lenge på at butikken kom på nett igjen, og eit enno større takk for tolmodet de har vist oss! 

Les meir →


UTe på tur: Riga

da hong pao gong fu oolong reise riga tereiser ute på tur

UTe på tur: Riga

Dragane likar å reise - og det trur vi du gjer og. Mange som reiser likar gjerne å vite om ein god bar eller ein god restaurant på den plassen dei skal reise til. Vi likar gjerne å finne gode plassar der ein kan drikke litt te, oppleve litt tekultur og gjerne kjøpe litt te og. I serien "Ute på tur" ser vi på kor ein kan finne te i ulike byar rundtom i verda. Fyrst ut er Riga. RIGA: Riga er ein koseleg by. Den har ein koseleg gamleby, men dersom ein går litt utafor gamlebyen kan ein finne...

Les meir →


Tetips: Iste!

dancong iced tea iste long jing om te oolong tetips wudong milangxiang

Tetips: Iste!

Om sumaren er det godt med kald drikke. Sjølv om varm drikke under nokre høve kan kjøle kroppen meir ned en kald drikke, og ein taiwansk te-bonde har fortalt meg at ein alltid skal drikke varm te, uansett årstid, likar vi dragane å kjøle oss ned om sumaren med kald te. Det fins sjølvsagt ulike variantar å kjøpe i butikken, som Tine sin IsTe, Nestea etc, men desse er stort sett sukkerlake med tilsett te-farge. Vi meiner at den beste isteen lagar ein sjølv, og då av gode teblad. Her kjem eit par metodar vi har prøvd ut, og som funkar:...

Les meir →


TEtips: Brukarutstyr

brukarutstyr om te tetips

De som allereie sverjar til å nyte te frå lause blad har nok allereie funne dykkar favorittar innan korleis de trekkjer teane. For dykk andre som tenkjer på å starte med å trekkje utanfor posen: Her er nokre tips. Det treng ikkje vera komplisert! Det viktegaste er at teen har rom til å utfalde seg, kor du enn vel å trekkje den. Nokon likar "klypene" eller "kulene" som ein kan få tak i overalt. Vi vil ikkje tilrå desse, nettopp fordi at teen då ikkje får utfalde seg og sleppe fri all den gode smaken slik den burde. Derfor tilrår...

Les meir →


Dragen har vakna: Ein av dei nye dragane tek ordet.

Tedragen. Då Tedragen starta opp i 2011 stod eg på utsida. Eg var nyfiken på dette med te. Dragane kjende eg stor sett godt frå før: Nils, som eg har spelt i fleire band med, John som ofte stod bak spakene på miksepulten under konsertar eg har spelt, og Jørgen, som har styrt spakene som ein sann Dupermann under fleire plateinnspelingar eg har vore med på. Og Frode som eg berre kjende som den eksentriske og svært gode bassisten i mellom anna Ungdomskulen. Desse karane hadde altså tromma saman litt kapital, bestilt eit lite lager med te, og starta opp...

Les meir →